Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 3:14-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. munnen er full av forbanning og harde ord.

15. Lette er dei på foten når dei vil ausa ut blod,

16. der dei fer, er det øydelegging og naud,

17. og freds veg kjenner dei ikkje.

18. Frykt for Gud har dei ikkje for auge.

19. Vi veit at alt det lova seier, det seier ho til dei som har lova, så kvar munn skal teia og heile verda stå skuldig for Gud.

20. Ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev. Lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.

21. Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova.

22. Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad,

23. for alle har synda og manglar Guds herlegdom.

24. Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.

25. Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde.

26. Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus.

27. Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru.

28. For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar.

29. Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg.

30. For Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av tru og dei uomskorne ved den same trua.

Les hele kapitlet Romarane 3