Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 20:21-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja ved sida av deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.»

22. «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg skal drikka?» «Det kan vi», svara dei.

23. Då sa han: «Mitt beger skal de drikka, men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har gjort i stand for.»

24. Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på dei to brørne.

25. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.

26. Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar;

27. og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar.

28. Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

29. Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han.

30. Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

31. Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

32. Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»

33. «Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei.

34. Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.

Les hele kapitlet Matteus 20