Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Likninga om arbeidarane i vingarden

1. Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin.

2. Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.

3. Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget.

4. Han sa til dei: ‘Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som er rett.’

5. Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins.

6. Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’

7. ‘Fordi ingen har leigd oss’, svara dei. Då sa han: ‘Gå bort i vingarden, de òg.’

8. Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin: ‘Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.’

9. Så kom dei som var leigde omkring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar.

10. Då dei første kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg.

11. Dei tok imot pengane, murra mot jordeigaren

12. og sa: ‘Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!’

13. Han sa til ein av dei: ‘Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar?

14. Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg.

15. Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?’

16. Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»

Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att

17. Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa til dei:

18. «Sjå, vi går opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden

19. og gje han over til heidningane, så han blir spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han reisast opp.»

Ikkje råda, men tena

20. Då kom mor til Sebedeus-sønene til han med sønene sine og fall på kne for å be han om noko.

21. «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja ved sida av deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.»

22. «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg skal drikka?» «Det kan vi», svara dei.

23. Då sa han: «Mitt beger skal de drikka, men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har gjort i stand for.»

24. Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på dei to brørne.

25. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.

26. Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar;

27. og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar.

28. Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

Jesus lækjer to blinde

29. Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han.

30. Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

31. Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

32. Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»

33. «Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei.

34. Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.