Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 20:18-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. «Sjå, vi går opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden

19. og gje han over til heidningane, så han blir spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han reisast opp.»

20. Då kom mor til Sebedeus-sønene til han med sønene sine og fall på kne for å be han om noko.

21. «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja ved sida av deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.»

22. «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg skal drikka?» «Det kan vi», svara dei.

23. Då sa han: «Mitt beger skal de drikka, men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har gjort i stand for.»

24. Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på dei to brørne.

25. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.

26. Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar;

27. og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar.

28. Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

29. Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han.

Les hele kapitlet Matteus 20