Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 6:41-49 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?

42. Og korleis kan du seia til bror din: ‘Bror, lat meg ta flisa ut av auget ditt’, når du ikkje ser bjelken i ditt eige auge? Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.

43. Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt.

44. Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.

45. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.

46. Kvifor kallar de meg ‘Herre, Herre!’ og gjer ikkje det eg seier?

47. Den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer det dei seier, eg skal visa dykk kven han er lik.

48. Han er lik eit menneske som ville byggja eit hus, og som grov djupt og la grunnmuren på fjell. Då flaumen kom, braut straumen mot huset, men kunne ikkje rikka det, for det var godt bygd.

49. Men den som høyrer og ikkje gjer etter det, han liknar eit menneske som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman.»

Les hele kapitlet Lukas 6