Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jesus og sabbaten

1. Ein sabbat bar det så til at Jesus tok vegen langsmed nokre kornåkrar, og læresveinane reiv av aks, gneid dei mellom hendene og åt.

2. Då sa nokre av farisearane: «Kvifor gjer de slikt som ingen har lov til å gjera på sabbaten?»

3. Jesus svara: «Men har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og mennene hans svalt?

4. Han gjekk inn i Guds hus, tok skodebrøda og åt og gav dei som følgde han. Og dei brøda er det berre prestane som har lov å eta.»

5. Og Jesus sa til dei: «Menneskesonen er herre over sabbaten.»

6. Ein annan sabbat gjekk han inn i synagogen og underviste. Der var det ein mann med ei høgre hand som var vissen.

7. Dei skriftlærde og farisearane heldt auge med Jesus, om han ville lækja på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.

8. Men han kjende tankane deira og sa til mannen med den visne handa: «Reis deg opp og kom fram!» Han reiste seg og gjekk fram.

9. «No spør eg dykk», sa Jesus, «kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller ta liv?»

10. Han såg rundt seg på dei alle og sa til mannen: «Rett fram handa di!» Han så gjorde, og handa hans vart god att.

11. Då vart dei heilt ifrå seg av sinne og tala med kvarandre om kva dei skulle gjera med Jesus.

Jesus kallar dei tolv apostlane

12. I dei dagane gjekk han ein gong opp i fjellet og ville be, og han var der heile natta i bøn til Gud.

13. Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar.

14. Det var Simon, som han òg kalla Peter, og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, Filip og Bartolomeus,

15. Matteus og Tomas, Jakob, son til Alfeus, og Simon som dei kalla seloten,

16. Judas, son til Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.

Jesus forkynner og lækjer

17. Så gjekk han nedover att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av læresveinane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyros og Sidon.

18. Dei var komne og ville høyra han og bli lækte for sjukdomane sine. Dei som var plaga av ureine ånder, vart òg friske.

19. Og alt folket prøvde å få røra ved han, for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle.

Slettepreika

Sæle og usæle

20. Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:«Sæle de fattige!Guds rike er dykkar.

21. Sæle de som no svelt!De skal mettast.Sæle de som no græt!De skal le.

22. Sæle er de når folkfor Menneskesonen skuld hatar dykk,støyter dykk ut og spottar dykkog kastar namnet dykkar frå seg som noko vondt!

23. Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd,stor er løna dykkar i himmelen.Det same gjorde fedrane deira med profetane.

24. Men ve dykk rike,de har alt fått dykkar trøyst.

25. Ve dykk som no er mette,de skal svelta.Ve dykk som no ler,de skal sørgja og gråta.

26. Ve dykk når alle talar vel om dykk.For det same gjorde fedrane deiramed dei falske profetane.

Elsk fiendane dykkar

27. Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk,

28. velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk.

29. Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekt han ikkje skjorta heller.

30. Gjev til kvar den som bed deg, og tek nokon frå deg det som er ditt, skal du ikkje krevja det att.

31. Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.

32. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Til og med syndarane elskar dei som viser dei kjærleik.

33. Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg.

34. Og om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att.

35. Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.

36. Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.

Døm ikkje

37. Døm ikkje, så skal de ikkje dømmast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømmast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.

38. Gjev, så skal de få: Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget. For med det målet de sjølve måler med, skal det òg målast opp til dykk.»

39. Han fortalde dei òg ei likning: «Kan ein blind leia ein blind? Kjem ikkje begge til å falla i grøfta?

40. Ein lærling står ikkje over meisteren, men når han er utlært, blir han lik meisteren sin.

41. Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?

42. Og korleis kan du seia til bror din: ‘Bror, lat meg ta flisa ut av auget ditt’, når du ikkje ser bjelken i ditt eige auge? Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.

Treet og fruktene

43. Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt.

44. Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.

45. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.

Huset bygd på fjell

46. Kvifor kallar de meg ‘Herre, Herre!’ og gjer ikkje det eg seier?

47. Den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer det dei seier, eg skal visa dykk kven han er lik.

48. Han er lik eit menneske som ville byggja eit hus, og som grov djupt og la grunnmuren på fjell. Då flaumen kom, braut straumen mot huset, men kunne ikkje rikka det, for det var godt bygd.

49. Men den som høyrer og ikkje gjer etter det, han liknar eit menneske som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman.»