Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 23:7-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. og då han fekk vita at han var under domsmakta til Herodes, sende han Jesus over dit, for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane.

8. Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge ønskt å få møta han. No vona han å få sjå Jesus gjera eit teikn.

9. Han stilte han mange spørsmål, men Jesus svara ikkje eit ord.

10. Overprestane og dei skriftlærde stod der og kom med sterke skuldingar mot han.

11. Herodes vanæra han og spotta han saman med soldatane sine. Han la ei staseleg kappe om han og sende han tilbake til Pilatus.

12. Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei.

13. Så kalla Pilatus saman overprestane, rådsherrane og folket

14. og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han fører folket på avvegar. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, men eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for.

15. Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han tilbake til oss. Mannen har såleis ikkje gjort noko som fortener dødsstraff.

16. Difor vil eg la han bli piska og så setja han fri.»

17. {{Men til høgtida måtte han gje dei ein fange fri.}}

18. Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»

19. – Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.

20. Igjen tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri.

21. Men dei ropa imot han: «Krossfest han! Krossfest!»

22. Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han så gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg vil la han bli piska og så setja han fri.»

23. Men dei pressa han og kravde med høge skrik at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.

24. Då felte Pilatus dommen; det skulle bli som dei kravde.

25. Han frigav den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men han overgav Jesus til dei, og dei fekk viljen sin.

Les hele kapitlet Lukas 23