Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jesus for Pilatus

1. Då reiste dei seg alle og førte han til Pilatus.

2. Der tok dei til å koma med skuldingar mot han. Dei sa: «Vi har funne at denne mannen fører folket vårt på avvegar. Han forbyd oss å gje keisaren skatt, og han seier at han er Messias, altså konge.»

3. Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.

4. Då sa Pilatus til overprestane og folket: «Eg finn inga skuld hos denne mannen.»

5. Men dei tok sterkare i: «Han eggjar opp folket i heile Judea med læra si. Han tok til i Galilea, og no er han komen heilt hit.»

6. Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea,

7. og då han fekk vita at han var under domsmakta til Herodes, sende han Jesus over dit, for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane.

Jesus for Herodes

8. Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge ønskt å få møta han. No vona han å få sjå Jesus gjera eit teikn.

9. Han stilte han mange spørsmål, men Jesus svara ikkje eit ord.

10. Overprestane og dei skriftlærde stod der og kom med sterke skuldingar mot han.

11. Herodes vanæra han og spotta han saman med soldatane sine. Han la ei staseleg kappe om han og sende han tilbake til Pilatus.

12. Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei.

Pilatus feller dommen

13. Så kalla Pilatus saman overprestane, rådsherrane og folket

14. og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han fører folket på avvegar. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, men eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for.

15. Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han tilbake til oss. Mannen har såleis ikkje gjort noko som fortener dødsstraff.

16. Difor vil eg la han bli piska og så setja han fri.»

17. {{Men til høgtida måtte han gje dei ein fange fri.}}

18. Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»

19. – Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.

20. Igjen tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri.

21. Men dei ropa imot han: «Krossfest han! Krossfest!»

22. Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han så gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg vil la han bli piska og så setja han fri.»

23. Men dei pressa han og kravde med høge skrik at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.

24. Då felte Pilatus dommen; det skulle bli som dei kravde.

25. Han frigav den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men han overgav Jesus til dei, og dei fekk viljen sin.

Jesus blir krossfest

26. Så førte dei han bort. På vegen greip dei fatt i ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne. Og dei la krossen på Simon for at han skulle gå bak Jesus og bera.

27. Ein stor folkehop følgde med, og mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han.

28. Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar.

29. For det kjem dagar då folk skal seia: ‘Lukkelege er dei barnlause, dei morsliv som ikkje har fødd, og dei bryst som ikkje har gjeve die!’

30. Då skal dei seia til fjella: ‘Fall over oss!’ Og til haugane: ‘Løyn oss!’

31. For gjer dei slik med det grøne treet, korleis skal det då gå med det tørre?»

32. To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus.

33. Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre.

34. {{Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»}} Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.

35. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst», sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Guds Messias, den utvalde!»

36. Soldatane òg hånte han. Dei gav han vineddik

37. og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!»

38. For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»

39. Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!»

40. Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen?

41. For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.»

42. Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!»

43. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»

Jesus døyr

44. Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen,

45. for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to,

46. og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.

47. Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»

48. Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå.

49. Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde følgt han frå Galilea.

Jesus blir gravlagd

50. Det var ein rådsherre som heitte Josef. Han var ein god og rettferdig mann

51. og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og han venta på at Guds rike skulle koma.

52. Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp.

53. Og Josef tok ned Jesu kropp, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i.

54. Det var førebuingsdagen, rett før sabbaten tok til.

55. Dei kvinnene som hadde vore med han frå Galilea, følgde etter. Dei såg grava og såg korleis Jesu kropp vart lagd der.

56. Sidan gjekk dei heim og gjorde i stand angande olje og salve. På sabbaten heldt dei seg i ro, som lova kravde.