Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 23:37-55 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!»

38. For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»

39. Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!»

40. Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen?

41. For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.»

42. Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!»

43. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»

44. Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen,

45. for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to,

46. og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.

47. Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»

48. Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå.

49. Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde følgt han frå Galilea.

50. Det var ein rådsherre som heitte Josef. Han var ein god og rettferdig mann

51. og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og han venta på at Guds rike skulle koma.

52. Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp.

53. Og Josef tok ned Jesu kropp, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i.

54. Det var førebuingsdagen, rett før sabbaten tok til.

55. Dei kvinnene som hadde vore med han frå Galilea, følgde etter. Dei såg grava og såg korleis Jesu kropp vart lagd der.

Les hele kapitlet Lukas 23