Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 23:33-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre.

34. {{Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»}} Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.

35. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst», sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Guds Messias, den utvalde!»

36. Soldatane òg hånte han. Dei gav han vineddik

37. og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!»

38. For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»

39. Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!»

40. Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen?

41. For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.»

42. Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!»

43. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»

44. Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen,

45. for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to,

46. og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.

47. Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»

48. Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå.

Les hele kapitlet Lukas 23