Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 23:17-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. {{Men til høgtida måtte han gje dei ein fange fri.}}

18. Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»

19. – Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.

20. Igjen tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri.

21. Men dei ropa imot han: «Krossfest han! Krossfest!»

22. Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han så gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg vil la han bli piska og så setja han fri.»

23. Men dei pressa han og kravde med høge skrik at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.

24. Då felte Pilatus dommen; det skulle bli som dei kravde.

25. Han frigav den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men han overgav Jesus til dei, og dei fekk viljen sin.

26. Så førte dei han bort. På vegen greip dei fatt i ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne. Og dei la krossen på Simon for at han skulle gå bak Jesus og bera.

27. Ein stor folkehop følgde med, og mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han.

28. Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar.

29. For det kjem dagar då folk skal seia: ‘Lukkelege er dei barnlause, dei morsliv som ikkje har fødd, og dei bryst som ikkje har gjeve die!’

30. Då skal dei seia til fjella: ‘Fall over oss!’ Og til haugane: ‘Løyn oss!’

31. For gjer dei slik med det grøne treet, korleis skal det då gå med det tørre?»

32. To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus.

33. Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre.

34. {{Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»}} Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.

35. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst», sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Guds Messias, den utvalde!»

Les hele kapitlet Lukas 23