Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 20:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Endå ein tredje sende han, men han òg slo dei til blods, og så kasta dei han ut.

13. ‘Kva skal eg no gjera?’ tenkte eigaren av vingarden. ‘Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær. Han vil dei vel ha vørdnad for.’

14. Men då vinbøndene fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: ‘Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’

15. Så kasta dei han ut av vingarden og slo han i hel.Kva skal så vingardsherren gjera med desse vinbøndene?

16. Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!»

17. Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive: Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.

18. Kvar den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»

19. Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.

20. Sidan heldt dei auge med han og sende ut folk som skulle vakta på han. Dei skulle lata som dei var ærlege menn og prøva å gripa han på grunn av noko han sa, så dei kunne få gje han over i landshovdingens makt.

21. Dei spurde han: «Meister, vi veit at du talar og lærer rett. Du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg.

22. Sei oss: Er det rett av oss å betala skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

23. Men han merka baktankane deira og sa til dei:

24. «Vis meg ein denar! Kven har biletet og namnet sitt på denne?» «Keisaren», svara dei.

Les hele kapitlet Lukas 20