Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jesu fullmakt

1. Ein dag då han underviste folket på tempelplassen og forkynte den gode bodskapen, kom overprestane og dei skriftlærde saman med dei eldste

2. og sa til han: «Sei oss: Kva rett har du til å gjera dette? Kven har gjeve deg denne fullmakta?»

3. Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Sei meg:

4. Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske?»

5. Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: ‘Kvifor trudde de han då ikkje?’

6. Men svarar vi: ‘Frå menneske’, kjem alt folket til å steina oss, for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.»

7. Difor svara dei at dei ikkje visste kvar Johannes-dåpen var frå.

8. Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»

Likninga om vinbøndene og arvingen

9. Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:«Ein mann planta ei vinmark og leigde henne bort til nokre vinbønder. Så drog han ut av landet og skulle vera lenge borte.

10. Då tida kom, sende han ein tenar til bøndene for å få sin del av avlinga. Men dei skamslo han og lét han gå tomhendt bort.

11. Då sende eigaren ein annan tenar, men dei skamslo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort.

12. Endå ein tredje sende han, men han òg slo dei til blods, og så kasta dei han ut.

13. ‘Kva skal eg no gjera?’ tenkte eigaren av vingarden. ‘Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær. Han vil dei vel ha vørdnad for.’

14. Men då vinbøndene fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: ‘Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’

15. Så kasta dei han ut av vingarden og slo han i hel.Kva skal så vingardsherren gjera med desse vinbøndene?

16. Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!»

17. Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive: Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.

18. Kvar den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»

19. Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.

Er det rett å svara skatt til keisaren?

20. Sidan heldt dei auge med han og sende ut folk som skulle vakta på han. Dei skulle lata som dei var ærlege menn og prøva å gripa han på grunn av noko han sa, så dei kunne få gje han over i landshovdingens makt.

21. Dei spurde han: «Meister, vi veit at du talar og lærer rett. Du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg.

22. Sei oss: Er det rett av oss å betala skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

23. Men han merka baktankane deira og sa til dei:

24. «Vis meg ein denar! Kven har biletet og namnet sitt på denne?» «Keisaren», svara dei.

25. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»

26. Dei greidde ikkje å setja han fast i noko av det han sa medan folket høyrde på; dei berre undra seg over svaret og tagde.

Oppstoda frå dei døde

27. Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som nektar for at det finst ei oppstode. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

28. «Meister, Moses har gjeve oss denne forskrifta: Om ein gift mann døyr og han ikkje har born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.

29. No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde barnlaus.

30. Så gifte den andre seg med henne,

31. og så den tredje, og på same måten alle sju, men alle døydde dei barnlause.

32. Til sist døydde kvinna òg.

33. Når dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har dei vore gifte med henne.»

34. Jesus sa til dei: «Menneske i denne verda gifter seg og blir bortgifte.

35. Men dei som blir haldne verdige til å vera med i den komande verda og stå opp frå dei døde, dei verken gifter seg eller blir bortgifte.

36. Dei kan ikkje døy meir. Dei er som englane, og dei er Guds born, for dei er born av oppstoda.

37. Men at dei døde står opp, har Moses òg vist i forteljinga om klungeren, når han kallar Herren for Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.

38. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. For dei lever alle for han.»

39. Då sa nokre av dei skriftlærde: «Meister, du svara godt.»

40. Sidan våga ingen å spørja han meir.

Kven Messias er

41. Jesus spurde dei: «Korleis kan ein seia at Messias er Davids son?

42. David seier då sjølv i Salmane: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand

43. til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter.

44. David kallar her Messias for herre, korleis kan han då vera Davids son?»

Åtvaring mot dei skriftlærde

45. Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane:

46. «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper og likar å ta mot helsingar på torget, sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod.

47. Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»