Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 17:20-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga.

21. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.»

22. Til læresveinane sa han: «Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men ikkje få oppleva det.

23. Folk skal seia til dykk: ‘Sjå der’ eller: ‘Sjå, her er han’. Gå ikkje dit og spring ikkje etter dei!

24. For slik lynet flammar opp og lyser frå himmelrand til himmelrand, slik skal Menneskesonen koma til syne på sin dag.

25. Men først skal han lida mykje og bli forkasta av denne slekta.

26. Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera i Menneskesonens dagar.

27. Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom storflaumen og gjorde ende på dei alle.

28. Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde.

29. Men den dagen Lot gjekk ut av Sodoma, regna det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle.

30. På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen openberrar seg.

31. Når den dagen kjem, må den som er oppe på taket og har sakene sine nede i huset, ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att.

32. Kom i hug kona til Lot!

33. Den som vil tryggja livet sitt, skal mista det. Men den som mistar det, skal berga det.

34. Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng. Den eine skal hentast, den andre skal bli att.

35. To kvinner skal mala på same kverna. Den eine skal hentast, den andre skal bli att.

36. {{To menn skal vera ute på marka. Den eine blir henta, den andre skal bli att.}}»

37. Då tok læresveinane til orde og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»

Les hele kapitlet Lukas 17