Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Forføring og tilgjeving

1. Han sa til læresveinane sine: «Det må koma forføringar, noko anna er ikkje råd. Men ve den som forføringane kjem ifrå!

2. Det var betre for han å bli kasta i havet med ein møllestein om halsen enn at han skulle lokka ein av desse små til fall.

3. Ta dykk i vare!Syndar bror din, så tal han til rette, og angrar han, så tilgjev han.

4. Ja, om han syndar mot deg sju gonger same dagen og sju gonger kjem til deg og seier: ‘Eg angrar’, så skal du tilgje han.»

Tru og teneste

5. Apostlane sa til Herren: «Gjev oss større tru!»

6. Herren svara: «Hadde de tru som eit sennepsfrø, kunne de seia til dette morbærtreet: ‘Rykk deg opp og slå rot i havet!’ Og det skulle lyda dykk.

7. Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjeter, seier han då til tenaren når han kjem heim frå marka: ‘Kom no og set deg til bords?’

8. Nei, han vil seia: ‘Lag til kveldsmat, bind opp kjortelen og stå til teneste for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.’

9. Takkar han tenaren for at han gjorde det han var pålagd?

10. På same måten er det med dykk: Når de har gjort alt de var pålagde, skal de seia: ‘Vi er unyttige tenarar og har berre gjort det vi var skuldige å gjera.’»

Den takksame samaritanen

11. Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea.

12. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna

13. og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!»

14. Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine.

15. Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst,

16. kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan.

17. Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni?

18. Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?»

19. Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

Når Guds rike kjem

20. Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga.

21. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.»

22. Til læresveinane sa han: «Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men ikkje få oppleva det.

23. Folk skal seia til dykk: ‘Sjå der’ eller: ‘Sjå, her er han’. Gå ikkje dit og spring ikkje etter dei!

24. For slik lynet flammar opp og lyser frå himmelrand til himmelrand, slik skal Menneskesonen koma til syne på sin dag.

25. Men først skal han lida mykje og bli forkasta av denne slekta.

26. Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera i Menneskesonens dagar.

27. Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom storflaumen og gjorde ende på dei alle.

28. Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde.

29. Men den dagen Lot gjekk ut av Sodoma, regna det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle.

30. På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen openberrar seg.

31. Når den dagen kjem, må den som er oppe på taket og har sakene sine nede i huset, ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att.

32. Kom i hug kona til Lot!

33. Den som vil tryggja livet sitt, skal mista det. Men den som mistar det, skal berga det.

34. Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng. Den eine skal hentast, den andre skal bli att.

35. To kvinner skal mala på same kverna. Den eine skal hentast, den andre skal bli att.

36. {{To menn skal vera ute på marka. Den eine blir henta, den andre skal bli att.}}»

37. Då tok læresveinane til orde og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»