Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 17:10-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. På same måten er det med dykk: Når de har gjort alt de var pålagde, skal de seia: ‘Vi er unyttige tenarar og har berre gjort det vi var skuldige å gjera.’»

11. Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea.

12. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna

13. og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!»

14. Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine.

15. Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst,

16. kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan.

17. Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni?

18. Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?»

19. Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

20. Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga.

21. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.»

22. Til læresveinane sa han: «Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men ikkje få oppleva det.

23. Folk skal seia til dykk: ‘Sjå der’ eller: ‘Sjå, her er han’. Gå ikkje dit og spring ikkje etter dei!

24. For slik lynet flammar opp og lyser frå himmelrand til himmelrand, slik skal Menneskesonen koma til syne på sin dag.

25. Men først skal han lida mykje og bli forkasta av denne slekta.

26. Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera i Menneskesonens dagar.

27. Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom storflaumen og gjorde ende på dei alle.

Les hele kapitlet Lukas 17