Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 17:11-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.

12. Då eg var hos dei, heldt eg dei fast i ditt namn, det namnet som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan fortapingssonen, så Skrifta skulle oppfyllast.

13. No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål.

14. Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, slik eg ikkje er av verda.

15. Eg bed ikkje at du skal ta dei ut av verda, men at du må vara dei frå det vonde.

16. Dei er ikkje av verda, slik eg ikkje er av verda.

17. Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.

18. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda.

Les hele kapitlet Johannes 17