Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 22:8-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene til den engelen som hadde synt meg dette, og ville tilbe han.

9. Men han sa til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!»

10. Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær.

11. Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging.

12. Sjå, eg kjem snart, og løna eg vil gje, har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort.

13. Eg er Alfa og Omega, den første og den siste, opphavet og enden.

14. Sæle er dei som vaskar kappene sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.

15. Men utanfor er hundane og dei som fer med trolldom, og dei som driv hor, mordarane, avgudsdyrkarane og alle som elskar løgn og talar løgn.

16. Eg, Jesus, har sendt min engel for å vitna om dette for dykk i forsamlingane. Eg er Davids rotskot og ætt, den klåre morgonstjerna.»

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 22