Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Livsens vatn og livsens tre

1. Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå trona åt Gud og Lammet.

2. Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka.

3. Det skal ikkje lenger finnast noka forbanning. Trona åt Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han.

4. Dei skal sjå Guds andlet, og namnet hans skal vera på panna deira.

5. Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje lys av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal herska som kongar i all æve.

Kom, Herre Jesus

6. Og engelen sa til meg: «Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda.

7. Og sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.»

8. Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene til den engelen som hadde synt meg dette, og ville tilbe han.

9. Men han sa til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!»

10. Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær.

11. Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging.

12. Sjå, eg kjem snart, og løna eg vil gje, har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort.

13. Eg er Alfa og Omega, den første og den siste, opphavet og enden.

14. Sæle er dei som vaskar kappene sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.

15. Men utanfor er hundane og dei som fer med trolldom, og dei som driv hor, mordarane, avgudsdyrkarane og alle som elskar løgn og talar løgn.

16. Eg, Jesus, har sendt min engel for å vitna om dette for dykk i forsamlingane. Eg er Davids rotskot og ætt, den klåre morgonstjerna.»

17. Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tørstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.

18. Eg vitnar for kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka.

19. Og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.

20. Han som vitnar om dette, seier: «Ja, eg kjem snart.»Amen. Kom, Herre Jesus!

21. Herren Jesu nåde vere med alle!