Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 11:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Men når dei er ferdige med å vitna, skal dyret som stig opp frå avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.

8. Lika deira skal liggja på gata i den store byen som i åndeleg samanheng blir kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest.

9. Menneske av mange folk og stammar og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.

10. Og dei som bur på jorda, skal gleda seg og jubla over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11. Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei. Dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart gripne av stor frykt.

12. Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for auga på fiendane sine.

13. I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandedelen av byen rasa saman, og sju tusen menneske vart drepne i jordskjelvet. Dei som var att, vart gripne av redsle og gav Gud i himmelen ære.

14. Det andre ve-ropet er over. Men det tredje ve-ropet kjem snart.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 11