Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 11:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og det vart gjeve meg ei målestong som likna ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mål Guds tempel og altaret, og tel dei som tilbed der!

2. Men føregarden utanfor tempelet skal du la vera, den skal du ikkje måla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.

3. Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i sekkestrie, til å vera profetar i 1260 dagar.»

4. Dette er dei to oliventrea og dei to lysestakane som står framfor Herren over jorda.

5. Og om nokon vil skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, den som vil skada dei, skal døy på den måten.

6. Dei har makt til å lata att himmelen så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar. Dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slags plager, så ofte dei vil.

7. Men når dei er ferdige med å vitna, skal dyret som stig opp frå avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.

8. Lika deira skal liggja på gata i den store byen som i åndeleg samanheng blir kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest.

9. Menneske av mange folk og stammar og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 11