Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 10:23-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona, for han som gav lovnaden, er trufast.

24. Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.

25. Lat oss ikkje halda oss borte når forsamlinga vår kjem saman, som nokre har for vane, men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.

26. Held vi fram med å synda med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder.

27. Frykteleg er det vi då har i vente: Dommen og Guds brennande iver skal fortæra dei som står han imot.

28. Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål.

29. Kor mykje strengare straff synest de ikkje den fortener som har trødd Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande?

30. For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gjengjelda.» Og vidare: «Herren skal dømma folket sitt.»

31. Det er frykteleg å falla i hendene på den levande Gud!

32. Men tenk no tilbake på den første tida, den gongen de vart opplyste og sidan heldt ut i dei lidingane de måtte strida med.

33. Snart vart de hånte og plaga for auga på folk, snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same.

34. De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de eigde, vart røva frå dykk. For de visste at de eig noko som er betre, og som varer.

35. Kast ikkje bort frimodet dykkar! For det gjev stor løn.

36. De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.

37. For enno er det berre ei lita stund, så kjem han som skal koma, og han skal ikkje dryga.

38. Min rettferdige skal leva ved tru; men dreg han seg unna, har mi sjel inga glede i han.

Les hele kapitlet Hebrearane 10