Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Kristi offer tek bort synda

1. Lova inneheld berre ein skugge av alt det gode som skulle koma, ikkje det sanne biletet av tinga. Kvart år blir det bore fram offer som alltid er dei same, men med dei maktar ikkje lova å gjera dei som ofrar, fullkomne.

2. Elles hadde dei vel halde opp med å ofra? For hadde dei som er med i gudstenesta, vorte reinsa éin gong for alle, hadde dei ikkje lenger vore medvitne om synd.

3. Men offera er kvart år ei påminning om synd.

4. For blod frå oksar og bukkar kan umogleg ta bort synder.

5. Difor seier Kristus når han stig inn i verda: Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha, men ein kropp laga du til meg;

6. brennoffer og syndoffer hadde du inga glede i.

7. Då sa eg: Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje, Gud. I bokrullen er det skrive om meg.

8. Først seier han: Slaktoffer og offergåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje glede i, endå det er slike offer som blir borne fram etter lova.

9. Deretter seier han: Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje. Han opphevar det første så han kan setja det andre i verk.

10. På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi kropp vart boren fram som offer éin gong for alle.

11. Alle prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som aldri kan ta bort synder.

12. Men Jesus har for alltid bore fram eit einaste offer for synder og sett seg ved Guds høgre hand.

13. No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast ned som skammel for føtene hans.

14. For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne.

15. Den heilage ande vitnar òg for oss om dette. For først seier han:

16. Dette er pakta eg vil gjera med dei i dagar som kjem, seier Herren: Eg vil leggja mine bod i hjartet deira og skriva dei i sinnet deira.

17. Og så: Eg vil ikkje lenger hugsa syndene deira og all uretten deira.

18. Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

Frimod og vedkjenning i forsamlinga

19. Så har vi då, sysken, frimod ved Jesu blod til å gå inn i heilagdomen,

20. dit han har innvigd ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, som er kroppen hans.

21. Og sidan vi har ein så stor prest over Guds hus,

22. så lat oss stiga fram med ærleg hjarte og full visse i trua, med hjartet reinsa for vondt samvit og kroppen bada i reint vatn.

23. Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona, for han som gav lovnaden, er trufast.

24. Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.

25. Lat oss ikkje halda oss borte når forsamlinga vår kjem saman, som nokre har for vane, men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.

26. Held vi fram med å synda med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder.

27. Frykteleg er det vi då har i vente: Dommen og Guds brennande iver skal fortæra dei som står han imot.

28. Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål.

29. Kor mykje strengare straff synest de ikkje den fortener som har trødd Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande?

30. For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gjengjelda.» Og vidare: «Herren skal dømma folket sitt.»

31. Det er frykteleg å falla i hendene på den levande Gud!

32. Men tenk no tilbake på den første tida, den gongen de vart opplyste og sidan heldt ut i dei lidingane de måtte strida med.

33. Snart vart de hånte og plaga for auga på folk, snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same.

34. De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de eigde, vart røva frå dykk. For de visste at de eig noko som er betre, og som varer.

35. Kast ikkje bort frimodet dykkar! For det gjev stor løn.

36. De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.

37. For enno er det berre ei lita stund, så kjem han som skal koma, og han skal ikkje dryga.

38. Min rettferdige skal leva ved tru; men dreg han seg unna, har mi sjel inga glede i han.

39. Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.