Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 10:17-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Og så: Eg vil ikkje lenger hugsa syndene deira og all uretten deira.

18. Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

19. Så har vi då, sysken, frimod ved Jesu blod til å gå inn i heilagdomen,

20. dit han har innvigd ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, som er kroppen hans.

21. Og sidan vi har ein så stor prest over Guds hus,

22. så lat oss stiga fram med ærleg hjarte og full visse i trua, med hjartet reinsa for vondt samvit og kroppen bada i reint vatn.

23. Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona, for han som gav lovnaden, er trufast.

24. Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.

25. Lat oss ikkje halda oss borte når forsamlinga vår kjem saman, som nokre har for vane, men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.

26. Held vi fram med å synda med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder.

27. Frykteleg er det vi då har i vente: Dommen og Guds brennande iver skal fortæra dei som står han imot.

28. Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål.

29. Kor mykje strengare straff synest de ikkje den fortener som har trødd Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande?

30. For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gjengjelda.» Og vidare: «Herren skal dømma folket sitt.»

31. Det er frykteleg å falla i hendene på den levande Gud!

32. Men tenk no tilbake på den første tida, den gongen de vart opplyste og sidan heldt ut i dei lidingane de måtte strida med.

Les hele kapitlet Hebrearane 10