Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 15:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Sidan vil eg koma att og gjenreisa Davids falne hytte. Det nedrivne byggjer eg opp; eg reiser det på nytt,

17. så dei andre menneska kan søkja Herren, alle folkeslaga som namnet mitt er nemnt over. Så seier Herren, som gjer dette

18. kjent frå æve av.

19. Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud.

20. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er smitta av avgudsdyrking, og frå hor, frå kjøt av kvelte dyr og frå blod.

21. For Moses har frå gammalt av hatt nokon som forkynner han i alle byar; kvar sabbat blir han opplesen i synagogane.»

22. Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile forsamlinga, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas, begge leiarar mellom brørne.

23. Dei fekk med seg dette brevet:«Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar dei syskena som er av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia.

24. Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville og urolege med orda sine. Frå oss har dei inga fullmakt.

25. Difor vart vi samde om å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus,

26. menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn.

27. Så sender vi Judas og Silas. Dei skal munnleg bera fram det same.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 15