Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile forsamlinga, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas, begge leiarar mellom brørne.