Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 14:17-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Og likevel lét han dei ikkje vera utan vitnemål om seg, for han gjorde velgjerningar. Frå himmelen sende han regn og gav grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarta dykkar med glede.»

18. Med desse orda greidde dei så vidt det var å hindra at folket ofra til dei.

19. Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket med seg, og dei steina Paulus. Dei drog han utanfor byen, for dei trudde han var død.

20. Men då læresveinane slo ring om han, reiste han seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter drog han ut til Derbe saman med Barnabas.

21. Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei tilbake til Lystra og Ikonium og derifrå til Antiokia.

22. Dei styrkte læresveinane og formana dei til å halda fast ved trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.»

23. I kvar forsamling valde dei ut eldste og gav dei med bøn og faste over til Herren, han som dei var komne til tru på.

24. Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia.

25. Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia.

26. Derifrå segla dei til Antiokia, den staden der dei hadde vorte overgjevne til Guds nåde for å gjera det verket dei no hadde fullført.

27. Då dei kom dit, kalla dei saman forsamlinga og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane.

28. Her vart dei verande ei god stund hos læresveinane.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 14