Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

I Ikonium

1. Også i Ikonium gjekk dei inn i den jødiske synagogen, og dei tala slik at ei stor mengd kom til tru, både jødar og grekarar.

2. Men dei jødane som ikkje ville tru, eggja opp heidningane og sette dei opp mot brørne.

3. Likevel vart dei verande der ei tid og tala med frimod i tillit til Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera.

4. Folket i byen delte seg. Somme heldt med jødane, somme med apostlane.

5. Men då dei skjøna at både heidningane og jødane med styresmennene sine hadde tenkt å mishandla dei og steina dei,

6. rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og landet der omkring.

7. Der forkynte dei evangeliet.

I Lystra

8. I Lystra var det ein mann som var utan kraft i føtene. Han hadde vore lam heilt frå mors liv og hadde aldri gått.

9. Denne mannen sat og høyrde Paulus tala. Paulus såg han rett inn i auga, og då han skjøna at mannen hadde tru så han kunne bli lækt,

10. sa han med høg røyst: «Reis deg og stå på føtene dine!» Då sprang han opp og gjekk omkring.

11. Då folket såg kva Paulus hadde gjort, sette dei i å ropa på lykaonisk: «Gudane har vorte lik menneske og stige ned til oss!»

12. Og dei kalla Barnabas for Zevs og Paulus for Hermes, sidan det var han som førte ordet.

13. Presten i Zevs-tempelet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket.

14. Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kappene sine, sprang ut til folkemengda

15. og ropa: «Kva er det de gjer? Vi er då vanlege menneske, akkurat som de! Vi forkynner dykk evangeliet, at de må venda om frå desse maktlause avgudane til den levande Gud, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som er i dei.

16. I tidlegare tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar.

17. Og likevel lét han dei ikkje vera utan vitnemål om seg, for han gjorde velgjerningar. Frå himmelen sende han regn og gav grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarta dykkar med glede.»

18. Med desse orda greidde dei så vidt det var å hindra at folket ofra til dei.

19. Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket med seg, og dei steina Paulus. Dei drog han utanfor byen, for dei trudde han var død.

20. Men då læresveinane slo ring om han, reiste han seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter drog han ut til Derbe saman med Barnabas.

Tilbake til Antiokia i Syria

21. Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei tilbake til Lystra og Ikonium og derifrå til Antiokia.

22. Dei styrkte læresveinane og formana dei til å halda fast ved trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.»

23. I kvar forsamling valde dei ut eldste og gav dei med bøn og faste over til Herren, han som dei var komne til tru på.

24. Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia.

25. Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia.

26. Derifrå segla dei til Antiokia, den staden der dei hadde vorte overgjevne til Guds nåde for å gjera det verket dei no hadde fullført.

27. Då dei kom dit, kalla dei saman forsamlinga og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane.

28. Her vart dei verande ei god stund hos læresveinane.