Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Menneska i dei siste tidene

1. Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider.

2. Då skal folk vera sjølvopptekne og pengegriske, skrytande, hovmodige, spottande, ulydige mot foreldre, utakksame og utan tanke for det heilage,

3. ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan herredøme over seg sjølve, råe, utan kjærleik til det gode,

4. svikefulle, oppfarande og store i eigne auge. Dei elskar lystene sine meir enn dei elskar Gud.

5. Dei er gudfryktige utanpå, men fornektar krafta i gudsfrykta. Vend deg bort frå slike folk!

6. Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over svake kvinner som er tyngde av synder, slike kvinner som lèt seg driva av mange slag lyster,

7. og som alltid får undervising, men aldri kan læra sanninga å kjenna.

8. Slik Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse menneska seg opp mot sanninga. Dømmekrafta deira er øydelagd, og trua deira held ikkje mål.

9. Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal bli klårt for alle kor vitlause dei er. Slik gjekk det òg med Jannes og Jambres.

Hald fast på det du har lært

10. Men du har følgt meg i lære og liv, i forsett, i tru, i tolmod, kjærleik og vilje til å halda ut,

11. og gjennom forfølging og liding, som det eg vart utsett for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje måtta tola av forfølgingar! Men Herren har fria meg ut av dei alle.

12. Alle som vil leva eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde.

13. Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vill og blir sjølve førte vill.

14. Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.

15. Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus.

16. Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd,

17. så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.