Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 1 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Helsing

1. Paulus, Kristi Jesu apostel etter Guds vilje, utsend med lovnaden om liv i Kristus Jesus,

2. helsar Timoteus, mitt kjære barn: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!

Apostelen og læresveinen hans

3. Med takk til Gud, som eg tener med reint samvit slik fedrane mine gjorde, hugsar eg stadig på deg natt og dag i bønene mine.

4. Eg hugsar tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att – det ville fylla meg med glede.

5. Eg tek på nytt fram i minnet den ærlege trua di, som først budde i Lois, mormor di, og i Evnike, mor di. Eg er viss på at ho òg bur i deg.

6. Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg!

7. For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.

8. Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.

9. Han har frelst ossog kalla oss med eit heilagt kall,ikkje på grunn av gjerningane våre,men etter sin eigen vilje og nåde,den som er gjeven oss i Kristus Jesusfrå evige tider,

10. og som no har vorte openberradå vår frelsar Kristus Jesus kom til jord.Han har gjort ende på dødenog ført udødeleg livfram i lyset ved evangeliet.

11. For det er eg sett til herold, apostel og lærar.

12. Difor er det eg lid, men eg skammar meg ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er sikker på at han har makt til å ta vare på det som er tiltrudd meg, heilt til dagen kjem.

13. Lat dei sunne orda du har høyrt av meg, vera ditt føredøme i tru og kjærleik i Kristus Jesus.

14. Ta vare på den gode skatten som er tiltrudd deg, ved Den heilage ande som bur i oss!

15. Du veit at alle i Asia har vendt seg frå meg, og mellom dei er Fygelos og Hermogenes.

16. Gjev Herren må visa miskunn mot huslyden til Onesiforos! For han har mange gonger sett mot i meg, og han skamma seg ikkje over lenkjene mine.

17. Nei, då han kom til Roma, leita han ivrig etter meg til han fann meg.

18. Må Herren la han finna miskunn hos Herren på den store dagen! Kor mykje han har gjort i tenesta si i Efesos, veit du best sjølv.