Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje ville koma og gjera dykk sorgfulle ein gong til.

2. Om eg gjev dykk sorg, kven skal då gjera meg glad, om ikkje den eg har gjort sorgfull?

3. Og nett difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og bli sorgfull av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede.

4. I stor naud og med angst i hjartet skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Eg ville ikkje gjera dykk sorgfulle, men la dykk skjøna kor høgt eg elskar dykk.

Forlik og tilgjeving

5. Men om nokon har gjeve grunn til sorg, så er det ikkje meg han har gjort sorgfull, men dykk alle – eller dei fleste av dykk, for ikkje å overdriva.

6. Den straffa som dei fleste av dykk gav denne mannen, får vera nok.

7. No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje heilt skal gå under i sorg.

8. Difor bed eg dykk at de møter han med kjærleik.

9. Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt.

10. Den som de tilgjev, tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, har eg alt tilgjeve det for dykkar skuld, framfor Kristi andlet,

11. så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi veit kva han vil.

I Kristi triumftog

12. Då eg kom til Troas med Kristi evangelium, hadde Herren alt opna ei dør for meg.

13. Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor tok eg farvel med dei og fór til Makedonia.

14. Men Gud vere takk, som i Kristus alltid fører oss fram i triumftog og ved oss spreier angen av kunnskapen om han på kvar stad.

15. For vi er Kristi gode ange for Gud mellom dei som blir frelste, og mellom dei som går fortapt;

16. ein ange av død til død for dei som går fortapt, ein ange av liv til liv for dei som blir frelste. Kven er vel i stand til dette?

17. Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som vil gjera pengar på Guds ord. Nei, med eit oppriktig sinn, på Guds vegner og for Guds andlet talar vi i Kristus.