Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Paulus forsvarar aposteltenesta si

1. Eg, Paulus, som går for å vera så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg formanar dykk ved Kristi audmjuke og milde sinn.

2. Eg bed om å få sleppa å vera modig når eg kjem! Men eg vil ikkje nøla med å vera myndig mot visse folk som seier vi går fram med berre menneskelege motiv.

3. Om vi går fram på menneskevis, så kjempar vi ikkje på menneskevis.

4. For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar

5. og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.

6. Så snart de har nådd fram til full lydnad, er vi klare til å straffa all ulydnad.

7. Sjå på det som ligg ope i dagen! Om nokon er viss på at han høyrer Kristus til, bør han tenkja over dette ein gong til med seg sjølv. For liksom han høyrer Kristus til, så gjer vi det òg.

8. Eg kunne ha skrytt endå meir av den fullmakta Herren har gjeve oss, fullmakt til å byggja dykk opp og ikkje til å riva ned. I så fall ville eg ikkje bli til skamme,

9. og det skulle bli klårt at det ikkje berre er for å skremma dykk at eg skriv desse breva.

10. «For breva», seier somme, «er myndige og strenge, men når han sjølv kjem, er han spak, og det han seier, er lite å bry seg om.»

11. Den som meiner det, skal merka seg dette: Det er ingen skilnad på det eg gjer når eg er hos dykk, og det eg seier i breva mine når eg er borte.

12. Vi vågar verken å rekna oss til eller samanlikna oss med visse andre som gjev seg sjølve lovord. Når dei måler seg mot seg sjølve og samanliknar seg med seg sjølve, viser dei berre sin eigen uforstand.

13. Men vi vil ikkje gå over streken med sjølvrosen, men halda oss innanfor den rettesnora som Gud sjølv har strekt ut for oss: at vi skulle nå fram også til dykk.

14. Vi strekkjer oss ikkje lenger enn vi kan rekka, som om vi aldri hadde nådd fram til dykk. For vi er alt komne så langt som til dykk med Kristi evangelium.

15. Nei, vi går ikkje over streken og skryter av arbeid som andre har gjort. Men vi har det håpet at trua dykkar skal veksa, så vi ved dykkar hjelp kan gå endå lenger fram, etter den rettesnora som er strekt ut for oss.

16. Så kan vi òg forkynna evangeliet bortanfor dykkar grenser, utan å følgja rettesnora som er strekt for andre, eller ta æra for arbeid som alt er gjort.

17. For den som er stolt, skal vera stolt av Herren.

18. Det er ikkje den som gjev seg sjølv lovord, som står si prøve, men den som Herren gjev lovord.