Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 1:7-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.

8. Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord,

9. for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.

10. Denne frelsa var det profetane søkte etter og ville utforska då dei profeterte om den nåden de skulle få.

11. Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma.

12. Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den heilage ande, som er send frå himmelen. Dette er noko som til og med englar lengtar etter å sjå inn i.

13. Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.

14. Som lydige born skal de ikkje lenger følgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande.

15. Han som kalla dykk, er heilag. Slik skal de òg vera heilage i all dykkar ferd.

Les hele kapitlet 1. Peter 1