Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 16:8-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. I Efesos blir eg verande til pinse.

9. For her står døra vidopen for meg til ei rik gjerning, og det er mange motstandarar.

10. Dersom Timoteus kjem, må de sjå til at han kan kjenna seg trygg hos dykk. For han gjer Herrens gjerning slik eg gjer,

11. og ingen skal sjå ned på han. Hjelp han i veg og lat han fara med fred, så han kan koma tilbake, for eg ventar på han saman med syskena våre.

12. Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg om å reisa til dykk saman med brørne. Men han er slett ikkje villig til å reisa no. Han kjem så snart han får høve til det.

13. Ver vakne! Stå faste i trua! Ver modige! Ver sterke!

14. Lat alt de gjer, bli gjort i kjærleik!

15. Endå ein ting legg eg dykk på hjartet, mine sysken. De veit at husstanden til Stefanas var den første frukta i Akaia, og at dei har vigd seg til teneste for dei heilage.

16. De òg må underordna dykk under slike som dei og under kvar medarbeidar som gjer si gjerning.

17. Eg gleder meg over at Stefanas og Fortunatus og Akaikos er komne. Det har vege opp saknet av dykk.

18. For dei har sett nytt mot i både meg og dykk. Slike som dei skal de visa respekt.

19. Forsamlingane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska og forsamlinga som kjem saman i huset deira, helsar dykk hjarteleg i Herrens namn.

Les hele kapitlet 1. Korintar 16