Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 16:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg om å reisa til dykk saman med brørne. Men han er slett ikkje villig til å reisa no. Han kjem så snart han får høve til det.

13. Ver vakne! Stå faste i trua! Ver modige! Ver sterke!

14. Lat alt de gjer, bli gjort i kjærleik!

15. Endå ein ting legg eg dykk på hjartet, mine sysken. De veit at husstanden til Stefanas var den første frukta i Akaia, og at dei har vigd seg til teneste for dei heilage.

16. De òg må underordna dykk under slike som dei og under kvar medarbeidar som gjer si gjerning.

17. Eg gleder meg over at Stefanas og Fortunatus og Akaikos er komne. Det har vege opp saknet av dykk.

18. For dei har sett nytt mot i både meg og dykk. Slike som dei skal de visa respekt.

19. Forsamlingane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska og forsamlinga som kjem saman i huset deira, helsar dykk hjarteleg i Herrens namn.

20. Alle syskena dykkar her sender si helsing. Hels kvarandre med eit heilagt kyss!

21. Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand.

Les hele kapitlet 1. Korintar 16