Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 86:5-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. For du, Herre, er god, du tilgjev,du er rik på miskunn mot alle som kallar på deg.

6. Herre, vend ditt øyre til mi bøn,lyd etter når eg bed om nåde!

7. Den dagen eg er i naud, ropar eg til deg,for du vil svara meg.

8. Herre, mellom gudar er ingen som du,og ingen gjerningar er som dine.

9. Alle folk som du har skapt,skal koma og bøya seg for deg, Herre,og æra ditt namn.

10. For du er stor, og du gjer under.Einast du er Gud.

11. Herre, lær meg din vegså eg kan ferdast i di sanning!Gjev meg eit heilt hjarte, så eg fryktar ditt namn!

12. Eg vil prisa deg, Herre, min Gud, av heile mitt hjarteog evig æra ditt namn.

13. For di miskunn mot meg er stor,frå djupaste dødsriket har du berga meg.

14. Frekke menn har reist seg mot meg, Gud,ein flokk av valdsmenn står meg etter livet.Dei har ikkje deg for auga.

15. Men du, Herre, er ein mild og nådig Gud,sein til vreide, rik på miskunn og sanning.

16. Vend deg til meg og ver meg nådig.Gjev din tenar kraft frå deg,frels sonen til di tenestekvinne!

17. Gjev meg eit teikn som varslar godt.Lat dei som hatar meg, sjå det og bli til skamme!For du, Herre, hjelper og trøystar meg.

Les hele kapitlet Salmane 86