Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 58:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. og høyrer ikkje på han som kviskrar,på han som er kunnig til å mana.

7. Gud, knus tennene i deira munn, Herre, bryt tanngarden sund på løvene!

8. Lat dei kverva slik vatn renn vekk!Lat dei berre spenna bogen,pilene er utan kraft.

9. Lat dei bli lik snigelen som løyser seg opp i slim,lik den dødfødde som aldri såg sola.

10. Før grytene kjenner varmen frå tornekvistene,blæs han dei bort, dei friske som dei brennande.

11. Den rettferdige skal gleda segnår han ser at han får hemn.Han skal vaska føtenei blodet av dei urettferdige.

12. Då skal menneska seia:«Ja, den rettferdige får si løn.Det finst ein Gud som dømmer på jorda.»

Les hele kapitlet Salmane 58