Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 58:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David.

2. Talar de verkeleg rett, de mektige?Dømmer de rettferdig, de menneske?

3. Nei, frå hjartet ber de fram urett på jorda,med hendene spreier de vald.

4. Frå fødselen av er dei urettferdige på avvegar,heilt frå mors liv fer løgnarane vill.

5. Deira gift er som ormegift,dei liknar ein orm som er døv,han lèt att øyra

6. og høyrer ikkje på han som kviskrar,på han som er kunnig til å mana.

7. Gud, knus tennene i deira munn, Herre, bryt tanngarden sund på løvene!

8. Lat dei kverva slik vatn renn vekk!Lat dei berre spenna bogen,pilene er utan kraft.

9. Lat dei bli lik snigelen som løyser seg opp i slim,lik den dødfødde som aldri såg sola.

Les hele kapitlet Salmane 58