Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 57:4-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Han skal senda meg hjelp frå himmelen,håna dei som jagar meg Selaog gje meg si miskunn og sin truskap.

5. Sjølv ligg eg midt mellom løversom vil sluka menneske.Tennene deira er spyd og piler,tunga er eit kvast sverd.

6. Vis deg høg over himmelen, Gud,vis din herlegdom over all jorda!

7. Dei la ut eit nett for mine føter,dei pressa meg ned.Dei grov ei fallgrav for meg,men sjølve fall dei ned i grava. Sela

8. Mitt hjarte er roleg, Gud,roleg og trygt.Eg vil syngja og spela.

9. Vakna, mi ære,vakna, harpe og lyre!Eg vil vekkja morgonròden.

10. Eg vil takka deg mellom folka, Herre,lovsyngja deg mellom folkeslag.

11. For di miskunn når til himmelen,din truskap til skyene.

12. Vis deg høg over himmelen, Gud,vis din herlegdom over all jorda!

Les hele kapitlet Salmane 57