Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 57:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hòla.

2. Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig!For eg søkjer tilflukt hos deg.I skuggen av dine vengersøkjer eg ly til faren er over.

3. Eg ropar til Gud, Den høgste,til Gud som gjer vel mot meg.

4. Han skal senda meg hjelp frå himmelen,håna dei som jagar meg Selaog gje meg si miskunn og sin truskap.

5. Sjølv ligg eg midt mellom løversom vil sluka menneske.Tennene deira er spyd og piler,tunga er eit kvast sverd.

6. Vis deg høg over himmelen, Gud,vis din herlegdom over all jorda!

Les hele kapitlet Salmane 57