Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 56:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Når eg er redd, stolar eg på deg.

5. Eg stolar på Gud, eg prisar hans ord.Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.Kva kan vel menneske gjera meg?

6. Dei vrir på orda mine dagen lang,dei tenkjer berre på å skada meg.

7. Dei slår seg saman og ligg på lur,dei vaktar mine steg,ventar berre på å ta mitt liv.

8. Skal dei sleppa unna med sin urett?Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud!

9. Du har talt mine heimlause steg,mine tårer har du samla i di lêrflaske.Står det ikkje i di bok?

10. Difor må fienden dra seg tilbakeden dagen eg ropar.Det veit eg, at Gud er med meg.

Les hele kapitlet Salmane 56