Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 56:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam. Av David, då filistrane greip han i Gat.

2. Ver meg nådig, Gud! Folk jagar meg,stridsmenn trengjer seg på meg heile dagen.

3. Fiendar jagar meg dagen lang,frå si høgd går dei til åtak, dei er mange.

4. Når eg er redd, stolar eg på deg.

5. Eg stolar på Gud, eg prisar hans ord.Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.Kva kan vel menneske gjera meg?

6. Dei vrir på orda mine dagen lang,dei tenkjer berre på å skada meg.

7. Dei slår seg saman og ligg på lur,dei vaktar mine steg,ventar berre på å ta mitt liv.

8. Skal dei sleppa unna med sin urett?Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud!

Les hele kapitlet Salmane 56