Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 55:7-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Eg sa: Hadde eg berre venger som dua!Då flaug eg bort og fann meg ein bustad.

8. Langt av garde ville eg rømma,i ørkenen ville eg slå meg ned. Sela

9. Eg ville skunda meg i lyfor rasande vind og storm.

10. Herre, forvirr dei og kløyv deira tungemål!For eg ser vald og strid i byen.

11. Dag og natt går dei ikring på bymuren.Innanfor er ugjerning og urett.

12. Øydelegging rår der inne,svik og vald vik ikkje frå torget.

13. Var det ein fiende som spotta meg,kunne eg bera det.Var det ein uven som såg ned på meg,ville eg gøyma meg for han.

14. Men det er du, min like,min gode ven og kjenning,

15. vi som tala fortruleg samanog gjekk i festtog i Guds hus.

16. Lat døden koma over dei,lat dei fara til dødsriket midt i livet!For dei har vondskap i heim og hug.

Les hele kapitlet Salmane 55