Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 51:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Løyn ditt andlet for mine synder,stryk ut all mi skuld!

12. Gud, skap i meg eit reint hjarte,gjev meg ei ny og stødig ånd!

13. Driv meg ikkje bort frå ditt andlet,ta ikkje frå meg din heilage Ande!

14. Gjev meg atter gleda over di frelse,hald meg oppe med ei villig ånd!

15. Eg vil læra brotsmenn dine vegar,syndarar skal venda om til deg.

16. Fri meg, Gud, frå blodskuld,du Gud som er mi frelse!Så skal tunga mi jubla over di rettferd.

17. Herre, lat opp mine lepperså min munn kan lovprisa deg.

18. For du har ikkje glede i slaktoffer;mitt brennoffer bryr du deg ikkje om.

19. Offer for Gud er ei sundbroten ånd.Gud, du foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte.

20. Gjer vel mot Sion i din nåde,bygg Jerusalems murar!

21. Då skal du ha glede i rette offer,brennoffer og heiloffer.Då skal dei ofra oksar på ditt altar.

Les hele kapitlet Salmane 51