Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 51:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein salme av David,

2. då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hos Batseba.

3. Ver meg nådig, Gud, i din kjærleik,stryk ut mitt brot i di store miskunn!

4. Vask meg rein for skuldog reins meg for mi synd!

5. For mine brot kjenner eg,mi synd står alltid for meg.

6. Mot deg åleine har eg synda,det som er vondt i dine auge, har eg gjort.Difor har du rett når du talar,du er rein når du feller dom.

7. Ja, med skuld vart eg fødd,med synd vart eg til i mors liv.

8. Sjå, du gler deg over sanning i mitt indre,du lærer meg visdom i det løynde.

9. Ta bort mi synd med isop, så eg blir rein,vask meg, så eg blir kvitare enn snø.

10. Lat meg få oppleva fryd og glede,lat beina du knuste, få jubla.

Les hele kapitlet Salmane 51