Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 48:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein song. Ein salme. Av Korah-songarane.

2. Stor er Herrenog verdig lov og prisi vår Guds by, på hans heilage fjell.

3. Fagert og høgt,ei glede for heile jordaer Sion-fjellet lengst i nord,den store kongens by.

4. I byens borger gjev Gud seg til kjenne,han er vårt vern.

5. For kongane slo seg samanog drog fram i fylking.

6. Dei såg opp og vart skremde,dei rømde i redsle.

7. Redsle kom over dei så dei skalv,rier som hos ei fødande kvinne,

8. som når austavindknuser Tarsis-skip.

9. Det vi før høyrde, har vi no setti byen til Herren Sebaot,i byen til vår Gud.Gud held han oppe til evig tid. Sela

10. I ditt tempel, Gud,tenkjer vi på di miskunn.

11. Gud, der ditt namn er kjent,får du lovsong,heilt til endane av jorda.Di høgre hand er full av rettferd.

Les hele kapitlet Salmane 48