Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 44:5-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Berre du er min konge og Gud,som byd at Jakob skal bergast.

6. Ved deg støyter vi fienden ned,ved ditt namn trakkar vi på dei som står oss imot.

7. For eg set ikkje mi lit til bogen,det er ikkje sverdet som bergar meg.

8. Nei, du har frelst oss frå fienden,dei som hatar oss, gjorde du til skamme.

9. Vi frydar oss alltid i Gud,vi prisar ditt namn til evig tid. Sela

10. Likevel har du støytt oss bort og ført skam over oss,du drog ikkje ut med våre hærar.

11. Du lét oss vika tilbake for fienden,dei som hata oss, rana til seg hærfang.

12. Du har gjort oss til slaktefeog spreidd oss mellom folka.

13. Du har selt ditt folk til spottpris,du tok ikkje stor betaling.

14. Du har gjort oss til spott for våre grannar,til hån for dei som bur ikring oss.

15. Du har gjort oss til eit ordtak mellom folka,du lèt folkeslag rista på hovudet av oss.

16. Dagen lang er mi vanære framfor meg,andletet er dekt av skam

17. under ropa frå dei som håner og spottar,ved synet av fienden og hemnaren.

18. Alt dette har kome over ossendå vi ikkje har gløymt degog ikkje svike di pakt.

19. Vårt hjarte har ikkje vendt seg bort,våre steg har ikkje bøygd av frå din veg.

20. Likevel har du knust oss der sjakalar bur,og lagt dødsskuggen over oss.

Les hele kapitlet Salmane 44