Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 44:2-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Gud, vi har høyrt det med eigne øyre,våre fedrar har fortalt ossom gjerninga du gjorde i deira tid,i gamle dagar.

3. Med di hand dreiv du folkeslag ut,men du planta våre fedrar;du fór ille med folka,men lét våre fedrar fara fritt.

4. Dei tok ikkje landet ved sverd.Deira eigen arm gav ingen siger,det var di høgre hand og din armog lyset frå ditt andlet,for du hadde dei kjær.

5. Berre du er min konge og Gud,som byd at Jakob skal bergast.

6. Ved deg støyter vi fienden ned,ved ditt namn trakkar vi på dei som står oss imot.

7. For eg set ikkje mi lit til bogen,det er ikkje sverdet som bergar meg.

8. Nei, du har frelst oss frå fienden,dei som hatar oss, gjorde du til skamme.

9. Vi frydar oss alltid i Gud,vi prisar ditt namn til evig tid. Sela

10. Likevel har du støytt oss bort og ført skam over oss,du drog ikkje ut med våre hærar.

11. Du lét oss vika tilbake for fienden,dei som hata oss, rana til seg hærfang.

12. Du har gjort oss til slaktefeog spreidd oss mellom folka.

13. Du har selt ditt folk til spottpris,du tok ikkje stor betaling.

14. Du har gjort oss til spott for våre grannar,til hån for dei som bur ikring oss.

15. Du har gjort oss til eit ordtak mellom folka,du lèt folkeslag rista på hovudet av oss.

16. Dagen lang er mi vanære framfor meg,andletet er dekt av skam

Les hele kapitlet Salmane 44