Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 44:10-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Likevel har du støytt oss bort og ført skam over oss,du drog ikkje ut med våre hærar.

11. Du lét oss vika tilbake for fienden,dei som hata oss, rana til seg hærfang.

12. Du har gjort oss til slaktefeog spreidd oss mellom folka.

13. Du har selt ditt folk til spottpris,du tok ikkje stor betaling.

14. Du har gjort oss til spott for våre grannar,til hån for dei som bur ikring oss.

15. Du har gjort oss til eit ordtak mellom folka,du lèt folkeslag rista på hovudet av oss.

16. Dagen lang er mi vanære framfor meg,andletet er dekt av skam

17. under ropa frå dei som håner og spottar,ved synet av fienden og hemnaren.

18. Alt dette har kome over ossendå vi ikkje har gløymt degog ikkje svike di pakt.

19. Vårt hjarte har ikkje vendt seg bort,våre steg har ikkje bøygd av frå din veg.

20. Likevel har du knust oss der sjakalar bur,og lagt dødsskuggen over oss.

21. Om vi gløymde vår Guds namnog lyfte våre hender til ein framand gud,

22. så ville vel Gud ha funne det ut,han som kjenner dei løynde tankane i hjartet?

23. Men for di skuld blir vi drepne dagen lang,vi blir rekna som slaktesauer.

24. Reis deg! Kvifor søv du, Herre?Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid!

25. Kvifor løyner du ditt andlet,kvifor gløymer du vår naud og trengsle?

26. Vi søkk ned i støvet,vi ligg pressa mot jorda.

27. Reis deg og hjelp oss,fri oss ut i di miskunn!

Les hele kapitlet Salmane 44