Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 31:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. I dine hender gjev eg mi ånd,du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.

7. Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.Sjølv set eg mi lit til Herren.

8. Eg vil jubla av glede over di miskunnfordi du har sett mi naud,du kjenner mi trengsle.

9. Du gav meg ikkje over i handa til fienden,men førte meg ut i ope land.

10. Ver meg nådig, Herre,for eg er i naud.Auget sløvest av bitter sorg,pust og kropp svinn bort.

11. Livet mitt endar i sorg,åra mine i klage.Min styrke sviktarpå grunn av mi skuld,beina i kroppen svinn.

12. Eg blir til spott for fienden,til hån for grannane,ei redsle for dei som kjenner meg,dei som ser meg på gata, vik unna.

Les hele kapitlet Salmane 31